Ola Stavseng


Skulptør Ola Stavseng arbeider i eit klassisk figurativt formspråk, med tradisjonelle material som leire, gips, voks, bronse, marmor, granitt og tre.
I tillegg til å skape frie verk, har han i ei årrekke arbeidd på bestilling og utført ei lang rekke offentlege og private oppdrag i ulike format, alt frå store monument til portrettbyster og mindre statuettar.
Elles har arbeida hans over mange år blitt presentert i utstillingar både i Norge og utlandet.
Etter langvarig kunstutdanning frå Norge, Sverige og Italia og etter mange års arbeidsopphald i Roma og Toscana, er han no busett i heimbygda si, Stordal, på Sunnmøre.
 

 
 
Fotografier:
              nr 1, NASJONALMONUMENTET OVER ENGLANDSFARTEN, 1940 - 45
              nr. 2, PORTRETTBYSTE AV GERHARD VOLDNES