Kjell Gunnar Overøye


Etter endt utdanning i 1989 med Diplom frå SHKS, no Kunsthøgskolen i Oslo, har eg sidan vore busett i Sykkylven. Eg arbeider i hovudsak med bilde, skulptur og kunsthandverk i ulike metall som stål, kopar, massing og sølv. Målsetjing for dei enkelte verka varierer mellom relevante estetiske, kommunikative og funksjonelle kriterium med skiftande vektlegging av abstrakte formale aspekt eller eit bruksaspekt. Sentralt for meg er handverket og den eigenhendige utføringa med vektlegging av materiala sine stofflege kvalitetar, ibuande fargar og karakter.
 
Offentleg kunst og oppdrag for kyrkjer har òg vore ein viktig del av mitt virke. Eit mål her er å skape verk som i form og funksjon kan kommunisere og skape identifikasjon i høve til liturgi, rom og arkitektur. Eg har òg vore engasjert i arbeid med heilskapsplanar som omfattar formgiving av liturgiske møblar i tre i samarbeid med produktutviklarar.
 
Eg nyttar gjerne ibuande eigenskapar i materiala til å skape kontrastar. Slike kontrastar kan vere mellom tæringsprosessar i stål skapt med rustpatinering – mot innslag av kvitt, blankpolert sølv som er hamra inn i stålflata. Ved å bruke relativt uvanlege materialkombinasjonar i eitt og same verk eller samanstilt i ei utstilling, vil eg forutan trongen til å eksperimentere i ein teknisk kontekst, freiste å understreke latente, meiningsberande tydingar som kan finnast i verka.
 
 
 
Bilde:
Shukkei-en Garden, 2017, 100 x 133 x 4 cm, rustpatinert stål og kopar
Utan tittel, 2018, triptyk, kvar del 24 x 24 x 2 cm, hamra rustpatinert stål med innlagt sølv