Marit Helen Akslen


Eg har utdanninga mi frå Kunsthøgskulen i Bergen, avdeling Spesialisert Kunst, seksjon for Tekstil. Hovudfaget vart avslutta våren 2000.
Etter lengre perioder med Bergen og Trondheim som base bur eg no i Sykkylven der eg har atelier i Elvetunbygget på Vik.
 
Gjennom arbeida mine vil eg å seie noko om tida vi lever i. Eg ønskjer m.a å undersøke korleis dei mange spenningane og endringane innan økologi, økonomi og migrasjon som vi er vitne til i dag, manifesterar seg. Slik ønskjer eg å stille spørsmål om kva for konsekvensar dette får i form av maktstrukturar og undertrykkelse.
 
For å kunne seie noko om desse tema har eg funne det formålstenleg å ta i bruk masseprodusert råmateriale som fungerar metaforisk, samt gjenstandar med praktisk nytteverdi. Eg jobbar i hovudsak med klede eller delar av klede. Fragmenta eller modulane (fristilt sin konkrete funksjon) nyttar eg som byggesteinar og set dei saman på måtar som gir dei eit nytt innhald. Slik dannast nye og andre historier.
 
Verka ber ofte i seg motsetnader som involvert-utestengd, trygg-utrygg, open-lukka.
Det handlar mykje om gjentakingar, rytme og serialitet, men også om oppløysing og uorden.
Eg ønskjer å finne eit språk for det eg opplever som urovekkjande og kaotisk.
 
 
 
 
Bilder:
         Behind the Scenes 2013. 230x340. Bukser i vevsystem
         Triptykon 2015. Hvert verk 200x150cm. Broderi, søm