Søk medlemskap i fagorganisasjonen BKMR

Publisert 03-11-2016
BKMR (Biletkunstnarane i Møre og Romsdal) er ein grunnorganisasjon under NBK (Norske billedkunstnere) og medlemskap hos oss gir automatisk medlemskap i NBK. 
 
BKMR arbeider for ordningar som gjer at kunstnarane skal kunne klare seg bra og få jobbe fritt med utøving av sitt yrke. Vi har dei seinare åra arbeidd for:
 
- Løn for arbeid
- Fylkesstipend
- Atelierfinasiering
- med mykje meir
 
Det er viktig at vi representere flest mogleg av dei profesjonelle biletkunstnarane med tilknyting til fylket vårt. Dette gir oss større musklar og større sjølvtillit. Difor oppfordrar vi deg som er profesjonell biletkunstnar om å søke om medlemskap. På www.bkmr.org finn du informasjon om søkekriteriar og framgangsmåte.