Minneord Britt Sorte

Publisert 05-02-2018Den friskaste vinden på Nordvestlandet har stilna
Vår kjære, energiske, livselskande og varme kunstnarkollega Britt Sorte sovna inn i overgangen mellom hausten og vinteren 2017. Vi er mange som sørger over tapet av henne og kjenner på tomrommet ho har etterlatt seg i kunstnarmiljøet i Ålesund, og i Møre og Romsdal.
 
Britt vart berre 60 år gamal. Ein alt for tidleg bortgang for eit menneske så leikent og nysgjerrig på livet som ho var. Undring og spørsmålsstilling har gått som raude trådar gjennom både liv og kunstnarskap hos henne. I kunsten brukte ho gjerne kjende kvardagslege, tradisjonelle eller populærkulturelle objekt i installasjonar. Felles for mange av installasjonane hennar var at vi i desse møtte ein spegel. Denne kunne reint fysisk vere ein spegel, eller det kunne vere objekt vi kjende oss sjølve att i. På denne måten vart ho den spørsmålsstillande kunstnaren som fekk i gang samtalar kring oss sjølve, og vårt forhold til tema ho meinte var viktige. Av alle tema ho var innom var kanskje relasjon til naturen det viktigaste.
 
Britt Sorte hadde si formelle kunstutdanning frå Vestlandets Kunstakademi i Bergen på nittitalet. I tillegg hadde ho formingslærarutdanning og eit års studium i kunsthistorie før ho satsa alt på å verte ein skapande kunstnar. Å bestemme seg for å bli kunstnar er ikkje eit karriereval, det er eit livsval. For Britt har kunsten hennar og livet ho har levd vore to sider av same sak.
 
Då studiar i Bergen var over vende ho heim til Ålesund og eit liv, familie og kunstnarisk virke i denne vakker-rare byen som ho var så glad i. Ho kombinerte i mange år undervising med sitt eige kunstnariske arbeid. Først arbeidde ho nokre år som teiknelærar ved Fagerlia vidaregåande skole, deretter ei årrekkje som faglærar ved Ålesund Kunstfagskole. Kunstfagstudentane var viktige for Britt. Ho engasjerte seg sterkt for den enkelte si faglege utvikling og gav «alt» i undervisinga.
 
Som biletkunstnar var også Britt Sorte opptatt av kunstnarar sine rettar og vilkår. Ho var medlem av fagorganisasjonane Norske Billedkunstnere (NBK), Billedhoggerforeningen og Biletkunstnarane i Møre og Romsdal (BKMR). Ho har vore styreleiar for både BKMR og Møre og Romsdal Kunstsenter (MRK), og hadde i fleire år ei viktig rolle i Norsk Kulturråds innkjøpskomité for Vestlandet. Det store arbeidet Britt har lagt ned på kunstnens vegne i Møre og Romsdal er ikkje alltid så lett å få auge på. Slikt går gjerne eit stykke under radaren. Men ei slags erkjenning av dette var det då Britt Sorte vart tildelt Ålesund bys kunstnarpris i 2006.
 
Den kvikke, slagferdige, kunnskapsrike og festlege kollegaen vår har gått bort. Familie og vener vil for alltid sakne henne. Vi er takksame for det ho har fått utretta gjennom si tid og for alle spor ho har etterlate seg. Kunsten til Britt Sorte kan opplevast i lang tid framover. Du kan sjå det oransje treet ved Ulstein vgs, eller frøa og vekstane i glasrutene på Borgund vgs. Eller dei leikne veskene og skoa på Åndalsnes skule. Eller dei 187 matpakkane, og verdsborgargeita som er offentleg innkjøpt. Eller all den andre kunsten hennar som lev vidare rundt omkring, her og der.
 
Takk frå kunstnarkollegaer i Møre og Romsdal
Ved Trine Røssevold